Salme 63


Det lyser i stille grender

T: Jakob Sande 1931

M: Lars Søraas d.y. 1944

Vikarprest i Vestnes, Harald Sunde har valt denne salmen. Han tykkjer den passar godt til Vestnes kommune som har så mange grender:)

Det lyser i stille grender

av tindrande ljos ikveld,

og tusunde barnehender

mot himmelen ljosi held.

 

Og glade med song dei helsar

sin broder i himmelhall,

som kom og vart heimsens frelsar

som barn i ein vesal stall.

 

Han låg der med høy til pute,

og gret på si ringe seng,

men englane song der ute

på Betlehems aude eng.

 

Der song dei for fyrste gongen

ved natt over Davids by,

den evige himmelsongen

som alltid er ung og ny.

 

Den songen som atter tonar

med jubel kvar julenatt

om barnet, Guds Son, vår sonar,

som døden for evig batt.

Tilbake