Vestnes kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter
BISPEVISITAS I VESTNES KOMMUNE 01.MARS TIL 06.MARS

BISPEVISITAS I VESTNES KOMMUNE 01.MARS TIL 06.MARS

Biskop Ingeborg Midttømme kjem på visitas til kyrkjelydane i Vestnes 01.mars til 06.mars. Formålet med visitasen er å støtte, inspirere og vegleie kyrkjelydar og tilsette, og å gjere kyrkja sitt nærvær synleg i lokalsamfunnet.

Gjennom veka vil biskopen bli med på eit ganske så tett program. Vi ser fram til å få besøk og til å gje biskopen ein innsikt i kva som skjer i kyrkjelivet i Vestnes kommune. Biskopen med følge skal bant anna få bli med på skulegudsteneste i Fiksdal, babysong i kyrkjelydskjellar på Vestnes, middag med kristne flyktningar, gudsteneste med folkemusikk i Tresfjord kyrkje, møte med kyrkja sin stab og tilsette, møte med sokneråda og frivillige medarbeidarar, påskevandring i Vike kyrkje med 1.klasse frå Vike friskule, møte med kommuneleiinga, eit fagmøte med lærarar og barnehagestyrarar i kommunen, skulebesøk til Vike friskule, befriftsbesøk til VARD og Tremek. Det heile avsluttast med ein visitasgudsteneste i Vestnes kyrkje søndag 06.mars kl 11.00 med påfølgande visitasmeøte med kyrkjekaffi på Vestnes bedehus.

Vi ser fram til biskopen sitt besøk her i Vestnes kommune.

Mykje av programmet er tiltenkt til ulike målgrupper.

Her er det programmet som er for alle som ønsker å få med seg noko av visitasen:

 

BISPEVISITAS I VESTNES KOMMUNE 01.MARS TIL 06.MARS

Onsdag 02.mars kl. 18.00 : Kveldsgudsteneste i Tresfjord kyrkje. Britt Elise Skram og  gruppa Dåm og Drag deltek med folkemusikk.

Søndag 06.mars kl. 11.00: Visitasgudsteneste i Vestnes kyrkje

Søndag 06.mars kl.13.00: Visitasmøte m/kyrkjekaffi på Vestnes bedehus.

Alle hjarteleg velkomne!


Del denne artikkel på e-post